Forskjellig

Dagbok fra Melsomkyra

Tur til kontrastenes land

Eg var på landbruksutveksling i Australia i 1997, og året der sette tydelege spor.

Tekst og foto:
Kari Lise J. Dybo

Mjølkeprodusent

kari.dybo@gmail.com

The Pinnacles. Steinformasjonar forma av vær og vind. Her er det tusenvis av dei og noken av dei høgaste er opptil 3.5 meter.

I 1997 reiste eg til Australia på landbruksutveksling. Der skulle eg vere i nesten eit år. Opphaldet skulle delast i to. Fyrst fekk eg arbeid på ein gard som hadde 65 purker i kombinert produksjon og korn. Ein liten gard på 20 000 dekar på ein liten stad ved navn Westonia i Western Australia. Skulle ein ha noke meir enn det aller nødvendigaste var nærmaste småby ein time unna, Merredin. Garden var for eit småbruk å regne. Naboane rundt hadde gardar på 100 til 150 000 dekar og noken tusen sauer.

Kenguruar til pest og plage

Inne i ein skog sør for Perth låg min andre gard. Høge tre og lågt kratt omkransa hus og jorder. I skumringa dukka det opp kenguruar. Dei var til pest og plage der dei åt opp graset og reiv ned gjerder. Ikkje fullt så søte som me gjerne tenker altså. Det var ingen naboar å sjå. Dei var dog ikkje så langt vekk. Dette var ein litt anna måte å drive jordbruk i Australia på enn eg nok hadde sett for meg. Her var det 120 purker i kombinert produksjon. I tillegg hadde dei ca. 30 fôringsdyr. Desse var der kun for å halde graset nede, og gjekk til kjøttproduksjon. Her møtte eg mannen min. Ein nordmann frå Åsgårdstrand. Den einaste «feilen» med kvarandre var at ingen av oss var australske. Trur nok familien rundt oss var glad for at me båe var norske.

Mange gonger kjend på lengselen etter Australia

Folkeslaget, kulturen, og landbruket appellera sterkt til oss. Så ulikt heime, men på sett og vis var det så kjent. Ettersom åra gjekk har me mange gonger kjend på lengselen etter Australia. Heldigvis har me hatt moglegheten til å reise ned på besøk. Me har hatt mange samtaler om landbruk spesielt og verden generelt. I år tok me turen på nytt. Bjørns og mine fyrste vertsforeldre blei gamle, men dei finns ikkje lenger blant oss. Mine andre vertsforeldre er fremdeles friske og raske og me måtte sjavsagt innom dei ein tur. Grisane kutta dei ut for ca. seks år sidan og gjekk då over til ammekyr av rasen Angus. Friske, fine dyr som kalvar lett.

Utan offentlig vatn og straum

Som bøndar flest så syns me at andre sine måtar å drifte på er interessante. Her heime er me vant til å ha nok tilgang til vatn og straum. Mine vertsforeldre er offgrid. Eget vatn, gass, solceller og aggregat. To el-bilar har dei. Dei blir lada om dagen, og den eine blir bruka som straumbuffer om kvelden ved behov.

Dei seiste åra har nedbøren minka. Tall viser at den har gått ned frå gjennomsnittleg 1 200 til 1 000 millimeter. Den tørre perioden har blitt lenger og dei har borra djupare for å finne vatn. Dei trur ikkje at dei ville hatt nok vatn til griseproduksjonen i dag. For å bli så sjølvberga som moglegt sette dei for 8-10 år si opp eit akvaponisk drivhus. Vannkum i enden av vekstbretta innehaldt fisk. Slik fekk dei gjødsel til plantene. Når vatnet hadde vore igjennom systemet kom det tilbake til fiskane rensa og klar for ein ny runde.

«Mine vertsforeldre er offgrid. Eget vatn, gass, solceller og aggregat»

Kontrastenes land

Kyrne blir mjølka av to personar i ein 2*15 fast exit. Det tek ca 2,5 time.

Australia er eit kontrastenes land. Små gardar som dei eg var på, til stations (australsk for ranch) på millionar av dekar. Den største i Western Australia, Rawlinna Station, er på 10 millionar dekar og har ca.60 000 sau. Ynskjer du deg ein jobb med mykje frisk luft har dei behov for noken som kan passe på eit gjerde; eit tre meter høgt ytre gjerde mot villhund på 400 km i lengde og eit indre på 1000 km.

Gård med 250 kyr

Forrige gong me var nedover snakka me med ei som hadde mjølkekyr. Ho syns det var fint å vere liten. Ho hadde 250 kyr. Dette var Holstein og ho hadde konsentrera kalving. Kalvinga skjedde i februar/mars. Regnet kjem i mars/april og då blir det grønt på jorda. Slik slepp ho å fôre i den viktigaste mjølkeperioden. Kalvefôringa var av eit litt anna slag enn me er vant til. Den fyrste vika fekk dei mjølk to gonger om dagen, Deretter blei dei raskt slått sammen til ei gruppe på 25 og fekk då kun ein gong om dagen. Ho laga avlsplanen og inseminera sjølv. Kineserane var interessera i holsteinkviger og ho solgte noken til dei. Kineserane var ikkje nødvendigvis så interessera i genetikken bare kvigene hadde kvite fine sokkar og rett mengde med svart på rett plass. Årsgamle blei kvigene så sendt til Kina.

«Antall mjølkegardar i Western Australia har sakte men sikkert krabba nedover»

Behov for å importere mye mat

Oppsamlingsareal for mjølking.

Kyr i den grønne(?) eng. Her er det godt med stråfôr. Passar godt å ha eit slikt jorde til sinkyrne.

Nykalva kyr, med sine nyfødte kalvar, på veg inn til mjølking. Sinkyrne gjeng på eit jorde rett utenfor huset. Slik har Nicole May god oversikt over når det er kalving.

Som her heime er det tøft å drive gard i Australia. Men der me har eit beskytta indre marked, opererar Australia på det internasjonale markedet. Mange ser seg ikkje økonomisk sterke nok til å drive framover. Gardar blir solgt til naboen, store australske selskap eller internasjonale selskap. Antall mjølkegardar i Western Australia har sakte men sikkert krabba nedover. Ved årsskifte tippa dei under hundre. Nå er det kun 88 aktive mjølkeprodusentar igjen. Desse har eit snitt på ca. 500 kyr, og produserar til sammen ca. 350 millionar liter. Når ein då deler dette på dei rundt tre millionane som bur her, så ser ein at det ikkje er mange literane pr. innbyggar. Det blir omtrent halvparten av det me har i Norge. Det er behovet for suppleringsimport av det meste av maten. Denne kjem for det aller meste frå austkysten. Men spørsmålet er kor lenge dette er berekraftig. Under covid stengte dei grensene mot resten av Australia. Kva om noke slikt skulle skje igjen? Over ein endå lenger periode? Og med endå strengare restriksjonar?

Store avstandar

Avstandane i Australia er store. Me har vore frå Esperance til Exmouth. Gradestokken har levera alt i frå 22 grader til 45. På fire veker har me kjøyrd 7 000 km. Me har sett store svidde jorder, bush så langt ein kan sjå, fantastiske skogar, kyr, sauer, kvite strender, kvasse klipper, flora og fauna ein ikkje ser andre stader. Og endå har me bare sett ein brøkdel av det dette kontinentet har å by på.

Frokost har me som oftast ordna sjølv. Det same med lunsj. Men det å sleppe å lage middag har vore fint. Dei seiste dagane før heimreise har me hatt frokost på kafè og middag på restaurant. Litt luksus som brått tok slutt. Kvardagen slår brått inn når ein kjem heim. Pannekake til middag er liksom noke anna enn italiensk pasta!

Heim til full innboks

Heime har ammekyrne begynt å kalve. Ei kyr måtte nødslaktast grunna spenetråkk. Ein kalv har blitt dårleg, og minusgradene har for nå sleppt taket. Det blir spennande å å sjå korleis haustkornet ser ut. På kontoret ventar ein full innboks. Produksjonssøknaden skal fyllast ut (ellers blir det ein veldig dyr ferie!), og regnskapet skal oppdaterast.

Denne gonga blei det ei litt ana dagbok. Ikkje så mykje om eigen drift. Men turar i utlandet gjev ein ofte mange inntrykk. Dei er òg ein del av livet. Nye tankar, nye funderingar og kanskje eit litt nytt syn på det me har her heime.